Det spirer og gror i Tonstad IL – og no får også kongenes spel sin plass i idrettslaget! Frå november av blir det nemleg sjakktreningar både på Tonstad og Sinnes, leia av den engasjerte sjakkentusiasten Kjell Valand (35) frå Egersund.

– Eg brenn for å gjera sjakk gøy og tilgjengeleg for alle, fortel han. – Mange trur sjakk berre er for dei som er «geniale» eller veldig seriøse, men det stemmer ikkje. Sjakk er sosialt, lærerikt og utruleg spanande – uansett alder og nivå!
To stader – to dagar i veka
• Tysdagar: Tonstad, i sosialrommet i Sira-Kvina Arena
• Torsdagar: Sinnes skule
Treningane er opne for både barn, ungdom og vaksne – og Kjell lovar ei blanding av læring, moro og konkurranse.
Kvar økt følgjer ein fast struktur:
- 15 minutt teori – læra om opningar, historie og taktiske omgrep.
- 15 minutt praktisk øving – prøva ut det ein nettopp har lært.
- 30 minutt fritt spel – tid for å utfordra vener, analysera parti og ha det kjekt!
– Vi ønskjer å byggje eit fellesskap der alle kjenner meistring. Og ja – me har som mål å stilla lag i NM alt til sumaren! seier Kjell entusiastisk.
Kvifor bli med i ein sjakklubb?
– Når du er medlem i ein sjakklubb, får du tilgang til offisielle turneringar og ditt eige FIDE-ratingtal, altså ein internasjonal sjakkrangering, forklarer Kjell. – Og så er det jo ekstra moro å kunne spele vidare med vener på nettet – til dømes på Chess.com – og sjå korleis ein utviklar seg.
Program fram til jul
Dato | Klokkeslett | Tema |
18/11 | 17-18 | Spansk opning + dronningforvandling |
25/11 | 17-18 | Caro-Kann-opning + en passant |
2/12 | 16-17 | Grunnprinsipp og teljing |
9/12 | 16-17 | Sjakknotasjon + Dronninggambit |
16/12 | 16-18 | 🎄 Juleturnering med premiar! 🎁 |
«Sjakk handlar om konsentrajon»
– Sjakk handlar ikkje berre om brikker og trekk, seier Kjell. – Det handlar om strategi, tolmod og det å tørre å tenkje eitt trekk lenger enn motstandaren. Men først og fremst handlar det om å ha det kjekt saman!
Med Kjells entusiasme i førarsetet og Tonstad ILs støtte i ryggen, ligg alt til rette for at sjakkbretta skal summe av liv i Sirdal framover.
Så finn fram kongar, dronningar og tårn – no startar eventyret!
«Informasjon om å bli deltakar»
Viss du vil testa det ut, eller sjå på dei som speler, kan du berre møta opp på spelstaden på angitt tid, eller du kan melda deg inn i Spond-gruppa med koden: OJQZX, og få oversikt. Det er gratis å prøva, men dei som vil ha FIDE-rating, eller spela fast, må melda seg inn som medlem i Tonstad IL. Kjell ynskjer alle velkomen.
Spørsmål kan stilles til mail kjell.valand@sirdal.kommune.no





